Av Angun Sønnesyn Olsen
Bergens Museums Folkeminnesamling
«VII. Forslag fra professor Hannaas om at den samling av sproglige, litterære ogkulturhistoriske folkeminder, som han har faatistand, kaldes :“Bergens Museumsfolkeminnesamling”,og at han ansættes som samlingens styrer.»
Slik står det i referatet frå møtet i Bergens Museums styre den 14. Juni 1921 («Forhandlingeri bestyrelsen 1906-1927»). Dette vart diskutert ogsamrøystes vedtatt, og med det fekkBergen si eiga folkeminnesamling. No er denne folkeminnesamlinga ein del av Etno-folkloristisk arkiv ved Universitetet i Bergen.
Torleiv Hannaas og Bergens Museum
Professor Hannaas, Torleiv Hannaas (1874-1929), filolog og folkeminnesamlar, var komen til Bergens Museum nokre år før. Han var utdanna lærar frå Kristiansand seminar i 1895 og tok examen artium som privatist i 1899. Ved sida av lærarjobben studerte Hannaas ved Universitetet i Oslo i 1902/1903, der han fylgde forelesningar til Moltke Moe, Marius Hægstad og Sophus Bugge.1 Hannaas var lærar fleire plassar i Sør-Noreg, før han tok «sproglig-historisk lærereksamen» i 1905, og vart lærar, og sidan overlærar, ved Stord lærarskule.
Interessa til Hannaas låg i folkemål og folkeminne. Han brukte mykje av fritida si på innsamling av folkeminne og bygdemål, og han ynskte heile tida å få meir tid til dette arbeidet. Papira etter Hannaas vitnar om at han søkte fleire stipend for å kunne ta permisjon frå lærarjobben. Han søkte også andre stillingar, slik som ein dosentpost i nynorsk ved Universitetet i Oslo i 1909.2 Nokre stipend fekk han, slik at han kunne studere eit semester ved Heidelberg Universitet og eit semester i Københamn.3 Faga han tok her viser også til interessa i folkeminne og språk. Han fekk også stipend til studiereiser til universitetsbiblioteka i Uppsala og Københamn for å lese gamle, norske bygdemålsmanuskript, samt studieturar til Island.
I 1892 skreiv Bergens Museforening inn i formåla sine at dei ville arbeide for å få til ein høgskule for Vestlandet i Bergen (Bondevik 1988). Dette førde til at dei ledande forskarane ved Bergens Museum ynskte ei utviding av faga. Hannaas var kjend i fagmiljøet rundt Bergens Museum, og då dåverande avdelingsleiar for Historisk-antikvarisk samling, Håkon Sheteleg (1877-1952) og fleire starta arbeidet med å få oppretta ei stilling der oppgåva skulle vera å samle og studere vestlandske bygdemål, var Hannaas ein sterk kandidat. Shetelig sendte brev til styret for Bergens Museum, 15.03.1913, med støtteerklæring frå Marius Hægstad, Halvdan Koht og Magnus Olsen. Sistnemnde la vekt på at museet hadde tatt vare på dei synlege minna og at dei usynlege minna også måtte takast vare på (Bondevik 1988). Styret i Bergens Museum støtta Shetelig, men søknaden deira til stortinget gjekk ikkje gjennom (Ågotnes 2013a). I 1914 fekk fleire professorar, der i blant Hægstad, Koht, Moltke Moe og Hans Ross, gjennom på stortinget at Torleiv Hannaas skulle få fritak frå lærarjobben sin på Stord i tre år for å jobbe med vestnorsk bygdemål, mot at han hadde arbeidsplassen sin på Bergens Museum. I 1917 søkte Bergens Museum på nytt om å få eit professorat, og denne gongen gjekk det igjennom. Torleiv Hannaas fekk jobben, og frå 1918 var han professor i Vestnorsk dialektgransking ved museet.
Torleiv Hannaas og folkeminneinnsamling
Hannaas kom altså til Bergens Museum i 1914. Han starta fyrst med å studere språksamlingar frå 1600- og 1700-talet. Samtidig samla han også inn folkeminne. Arbeidet hans vart sett på som ei vidareføring av arbeidet til stortingspresident og ein av grunnleggarane av Bergens Museum, W.F.K. Christie (1778-1849).
Christie hadde samla og granska bygdemål og folkeminne. Inspirert av ei svensk gåtesamling som kom ut i 1847, fekk han sjølv ei særleg interesse i å samle gåter. Nokre av gåtene han samla vart utgitt av Kristoffer Janson i 1868 (Christie 1868). Hannaas var inspirert av Christie sitt arbeid, og sette sjølv i gang ei omfattande gåteinnsamling. Gjennom annonse i aviser over heile landet i mars 1916, oppfordra han folk til å sende inn norske gåter. Året etter sendte han eit skriv rundt om til lærarar ved ungdomsskular, der han oppfordra dei til å fortelje om «denne greini av norsk folkedikting» til elevane sine, og be dei om å skrive opp gåter dei hugsa eller fekk fortalt (EFA Hannaas 198). Både annonsa og skrivet resulterte i at Hannaas fekk tilsendt ei mengd gåter frå heile landet. I 1924 fekk han også Christie si originale gåtesamling i gåve frå slektningar av Christie, og saman med dei gåtene Hannaas sjølv samla på sine turar, dei han fekk tilsendt, samt gåter i ei visebok frå Nordhordaland datert 1806, utgjer dette ei av dei største samlingane av gåter i Norge.
Som nemnd oppom, samla Hannaas folkeminne ved sida av lærarjobben før han kom til museet. Mykje av dette materialet samla han på feltreiser om sommaren, men då han kom til Bergens Museum kunne han også reise på feltturar på andre tider av året. Liknande andre folkeminnesamlarar besøkte han ofte eldre folk og skreiv ned det dei hadde å fortelje i notatbøker. Hannaas var ein ivrig samlar. Han noterte også flittig på lause ark og baksider av andre skriv eller det han hadde tilgjengeleg (Alver 1953). Han held seg helst på Sør-Vestlandet og i Agder, men etter at han kom til Bergens Museum var han også på feltturar til Finnmark, Troms og Sogn. Det meste av feltnotane er likevel frå Agder (både aust og vest), Rogaland og Sunnhordland. Då han jobba som lærar på Stord samla han mykje frå lokalbefolkninga, og det er om lag ti feltbøker i samlinga frå denne tida, samt visebøker og stevsamlingar han har fått med seg.
Ut i frå notata hans kan ein sjå at han spurde seg rundt etter moglege informantar, og oppsøkte desse undervegs. Han skreiv ned folkeminna nær opp til det talemålet han høyrde. Hannas var, slik som mange av samlarane før han, interessert i å samle folkeminne der språket ikkje var påverka av litteraturen. I den fyrste forelesninga Hannaas heldt som professor ved Bergen Museum seier han: «Folkemaal er berre det som liver paa tunga hjaa folk flest, serleg hjaa dei som lite les og lite skriv- det maalet som ungdomen veks upp i og fører utan skulegang» (EFA Hannaas 302, også trykt i Syn og Segn i 1919, vol. 25). Men det var ikkje berre folkemålet han var ute etter: «Eg hev aldri kunna slege meg til ro med den reint filologiske målgranskingi. Eg må òg taka med det reale innhaldet i folkemålet, og då serleg det som hev vorte støypt i fast kunst-form, som visor, gåtor, ordtøke, eventyr og segner» (Hannaas 1925:12). Dette gjev eit fint bilete av folkeminna som finst i feltbøkene etter Hannaas. «Visor» inkluderer både det me i dag kallar balladar, bygdemålsviser, og andre viser. Han samla eventyr, særleg frå Olav Eivindsson Austad (1843-1929). Dette resulterte i den einaste boka Hannaas fekk gitt ut av det han samla (Hannaas 1927). I tida si som lærar på Stord fekk han også elevane sine til å samle for seg, som ein del av norskundervisninga. Dette består av både ei samling segner, viser og ikkje minst, om lag 400 skildringar av leikar.
At Hannaas hadde ei stor interesse i bygdemålet gjer at materiale i samlinga etter han også er dokumentasjon på vestlandske bygdemål i bruk. Det gjer også at samlingane inneheld meir enn det som vart rekna som folkeminne ved systerinstitusjonen Norsk Folkeminnesamling i Kristiania/Oslo, om ein tek utgangspunkt i Reidar Th. Christiansen si rettleiing for folkeminnesamlarar (Christiansen 1925). Ved å ha eit spesielt fokus på bruken av språket, finn ein i Hannaas sine notatbøker ofte notatar om dialektord og lokale uttrykksmåtar, i tillegg til stadnamn, elvenamn, namn på landskapsformasjonar og kunamn.
Han var også interessert i gamle skriftlege kjelder, truleg på jakt etter tidlege prent på bygdemål. Samlinga etter Hannaas inneheld difor ein del småprent av forskjellige slag, samt handskrivne visebøker og andre eldre handskrifter. Ein del notatar og avskrifter Hannaas sjølv har gjort av slikt material er også i samlinga.
Bergens Museums Folkeminnesamling
Som eg skriv innleiingsvis tok Hannaas initiativ til og vart fyrste styrar av Bergens Museums Folkeminnesamling i 1921. Hannaas skriv sjølv at dette er var ei samling av språklege, litterære og kulturhistoriske folkeminne, og la vekt på at det var vestlandsk kulturgransking Bergens Museums Folkeminnesamling skulle konsentrere seg om (Hannaas 1925). Opprettinga av Bergens Museums Folkeminnesamling kan bli sett i samanheng med opprettinga av liknande samlingar andre plassar i Norden. Norsk Folkeminnesamling (NFS) er kanskje det som er nærast å samanlikne med, oppretta 7 år tidlegare. Ein av dei store forskjellane er at Bergens Museums Folkeminnesamling ikkje var støtta av staten, sjølv om museet hadde støtte, og det vart heller ikkje gitt stipend til samlarar som bidrog med material. Hannaas bygde likevel opp eit fagleg nettverk av samlarar, særleg på Vestlandet. Mange av studentane han hadde på Stord, samt familiane deira, var i kontakt med Hannaas etter at han kom til museet, og bidrog til innsamling og faglege diskusjonar. Gåteinnsamlinga skildrar også dette nettverket.
Det ser ut til å ha vore ei meir internt oppretta folkeminnesamling, med formål om å oppbevare det materialet Hannaas samla eller fekk tilsendt av andre samlarar. Men det vart også namnet på institusjonen som Hannaas, og dei som kom etter, jobba frå. Årsmeldingane til Bergens Museum skildrar aktiviteten ved «folkeminnesamlingi» og listar årleg opp det materialet som vart gjeve i gåve til samlinga. Det står også om reiser Hannaas hadde i løpet av året, kva tekstar han hadde publisert, samt kva han underviste i. Førelesningsrekkene var blant anna om vestlandske bygdemål, gamalnorsk, norsk målsoge, Volsunga saga, Eddadikting og folkeviser.
Hannaas døydde nokså brått i november 1929, 55 år gamal. Før han døydde gav han det han hadde samla før han kom til Bergens Museum til Folkeminnsamling. Alt dette materialet, samt det Hannaas samla og det arbeidet Hannaas gjorde ved Folkeminnesamlinga, og det han fekk tilsendt av andre samlarar fram til november 1929 blir ofte omtalt som Hannaas-samlinga, og utgjer den største delen av Bergens Museums Folkeminnesamling.
Bergens Museums Folkeminnesamling etter Hannaas
Etter Hannaas døydde vart forskingsinteressene og arbeidet ved Folkeminnesamlinga meir språkretta. Gustav Indrebø (1889-1942), som tok over professorstillinga i 1930, fokuserte mest på stadnamn, og med hans arbeid vart det oppretta eit stadnamnarkiv under Bergens Museums Folkeminnesamling. Olai Skulerud (1881-1963), som tok over etter Indrebø i 1944 hadde ei forskingsinteresse i dialekter og arbeidet etter han vart organisert i målførearkiv, under Bergens Museums Folkeminnesamling. Dette vart seinare utgangspunktet til språkforskinga ved Nordisk institutt (Ågotnes 2013a:62). Sjølv om det ikkje var fokus på innsamling av folkeminne, kom det inn nokre bidrag til samlinga. Omlag 17 samlarar sendte inn folkeminne til samlinga i tida 1930 til 1958. Dette materialet er også er ein del av Bergens Museums Folkeminnesamling.
Bergens Museums Folkeminnesamling vart med vidare inn i historia til universitetet etter at det vart oppretta i 1946. Samlinga vart del av Institutt for Nordisk filologi, avdeling for målvitskap og folkeminne i 1953. I 1972 vart Etno-folkloristisk Institutt oppretta, og med det Etno-folkloristisk arkiv (EFA). Bergens Museums Folkeminnesamling vart delt i to, der språkmaterialet vart att på Nordisk, og folkeminnematerialet vart flytta over til EFA (Ågotnes 2013b). Forskingsinteressa ved det nye instituttet fokuserte mest på samtidsforsking og barnekultur. Det eldre materialet i Hannaas-samlinga har ikkje vore nytta noko særleg, med unntak av ein del arbeid av dei fyrste forskarane ved instituttet.
Sjølve materialet i samlinga har vore flytta mange gonger sidan Hannaas si tid. Det har flytta etter som museet fekk andre lokale, og med dei forskjellige institutta då samlinga vart ein del av universitetet. Det har nok ikkje alltid vore lagra i ideelle lokasjonar eller med god nok brannsikring. I Agder, Flekkefjords Tidene, 24. februar 1950, reagerer ein besøkande til Folkeminnesamlinga på at både Hannaas-samlinga og stadnamnsamlinga står i kassettar på hyllene, og ikkje i brannsikre skap. I Bergens Tidende 9. mars 2001 kan ein lese om då husokkupantar tok over tilsynelatande tomme bygg på Høyden, men der det skulle vise seg at Hannaas-samlinga låg. Dei siste åra har samlinga vore trygt plassert i brannsikre skap i lokala til Etno-folkloristisk arkiv. Men kor tilgjengeleg er materialet?
Bergens Museums Folkeminnesamling og SAMLA
Bergens Museums Folkeminnesamling blir no digitalisert som ein del av SAMLA-prosjektet. Kyrre Kverndokk har i eit tidlegare nummer skrive om dette prosjektet og skisserer der prosjektet sine tre målsetningar: digital bevaring, ordning og å opne for ulike bruk (Kverndokk 2022). Alt dette har vore veldig nyttig for materialet i Bergens Museums Folkeminnesamling, og Hannaas-samlinga særleg, men eg vil i det fylgjande konsentrere meg om ordning. «For å kunne skape en digital orden, må også det fysiske arkivet være ordnet» skriv Kverndokk (2022:59). Sidan 2012 har det ikkje vore arkivar ved EFA. Dette har ført til manglande kontinuerleg kunnskapsflyt, og tilsynelatande meir kaos enn orden i arkivet. Dette har også ført til at materialet ikkje har vore særleg tilgjengeleg for publikum.
Då SAMLA-prosjektet sat i gang digitaliseringsprosessen av Hannaas-samlinga, hadde ein, forutan sjølve materialet, to katalogar å gå ut i frå. Den fyrste vart laga av Gustav Inderbø då han tok over jobben som styrar for Folkeminnesamlinga i 1930. Då hadde samlinga allereie vore flytta på tre gonger sidan Hannaas døydde, utan att det vart tatt omsyn til den orden materialet hadde. Ein veit difor lite om ordninga Hannaas sjølv hadde på materialet. Indrebø ordna materialet alfabetisk etter samlarane. Han fann det naturlegast å sette det aller meste under Hannaas sitt namn, både det han sjølv samla og det som kom inn til folkeminnesamlinga i hans tid (Bergens Museums Årbok 1930/1931). I tillegg til Hannaas, skilde Indrebø ut 11 namn som alle fekk sin eigen arkivsignatur.4
Det vil altså seie at det meste av materialet fekk arkivsignaturen Hannaas i oppsettet til Indrebø. Indrebø katalogiserte også materialet etter sjanger og tema. Dette gjeld hovudsakleg det materialet som har fått arkivsignaturen Hannaas. Han kallar det sjølv ein «beskrivande katalog» (Årsmelding Bergens Museum 1930/1931). Katalogen er på eit overordna nivå, det vil seie at det er sortert etter kva heile dokumentet inneheld. Det som kjem under kategorien eventyr er for eksempel berre to oppskriftsbøker etter Hannaas, der han har skrive ned eventyr etter M. I. Mathiassen Skau (EFA Hannaas 50). Dette betyr ikkje at det ikkje er fleire eventyr i samlinga. Dei andre eventyra han har skrive ned på feltturane sine er å finne under kategorien «notisbøker frå feltturar».
Tidleg på 1950-talet fekk Brynjulf Alver, saman med Ingegjerd Norvalls, i oppdrag å registrere folkeminneoppskriftene i samlinga. Han tok utgangspunkt Indrebø sitt oppsett, det vil seie, det meste var framleis under Hannaas sitt namn og det er Hannaas-samlinga hans katalog tek for seg. Mens Indrebø katalogiserte på eit overordna nivå, gjekk Alver inn i sjølve oppskriftene. I gjennom denne katalogen ser me at det er snakk om fleire eventyr enn ein kan få inntrykk av gjennom Indrebø sin katalog. Måten Alver katalogiserte på fylgjer tettare oppsettet ein kjenner frå Norsk Folkeminnesamling. Deler av katalogen vart utgitt som særtykk av Universitetet i Bergen si Årbok (Alver 1953). Fram til no så er dette den katalogen som har vore mest brukt til å finne fram i Hannaas-samlinga.
I arbeidet med digitaliseringa vart det laga eit register over samlinga. Ved å sjå på nummereringa i Alver sitt system viste det seg fort at det var store delar av samlinga som mangla. Indrebø sin katalog gav god informasjon om kva dette materialet var, og, slik eg skisserer oppom, vart det klart at dette var den delen av samlinga som hadde vore att då samlinga vart delt på 1970-talet. Dette vart spora opp, og flytta bort til EFA. Samlinga er no ordna og digitalisert i si heilheit.5
I digitaliseringa blir biletfilene knytt til eit sett med kontrollerte metadata som skal gjere det mogleg å søke på tvers av arkiva som er med i prosjektet. Dette gir informasjon om det fysiske dokumentet, men også om personar, lokasjon og innhald i den enkelte folkeminneoppskrifta. Dette vil opne for nye måtar å sjå materialet på, og nye vegar inn i materialet. Eg vil heilt til slutt kort vise til eit eksempel på dette, som er knytt til registrering av personar.
I fylgje Indrebø og Alver sine katalogar er det berre 12 samlarar i Hannaas-samlinga. Når materialet no er registrert har det dukkar det opp ein heil del fleire involverte namn, både informantar, brevskrivarar, men også fleire samlarar. At desse namna ikkje var med i katalogiseringa av samlinga, speglar ei forståing av at det var folkeminna i seg sjølv som var viktig. Kven som fortalde, og i nokre tilfelle også kven som samla, var ikkje like viktig. Innan faget har dette forandra seg, og ved å registrere alle personar som er involvert kan ein, gjennom SAMLA, sjå andre samanhengar som kan seie oss noko om både innsamlingssituasjonen, korleis innsamlinga gjekk for seg, og kven som er involvert i kunnskapsproduksjonen i ei folkeminnesamling. Frå eit register med 12 namn er det no registrert om lag 800 namn på personar som har ei tilknyting til EFA, dei fleste av desse til Hannaas-samlinga. Dette talet vil nok stige når materialet er ferdigregistrert. Arbeidet til SAMLA har synleggjort at det er mange fleire som er delaktige i å skape denne samlinga.
Det er framleis mykje å finne ut om Bergens Museums folkeminnesamling og innhaldet av denne. Når den no blir tilgjengeleg digitalt, vonar ein at mange fleire vil ha nytte av og nytte seg av samlinga. Hannaas hadde ei von om at samlinga skulle «verta tilgjengelege for kven som helst» (1925:13), så det kan tenkast at han hadde sett pris på at den no blir ein del av eit digitalarkiv, og tilgjengeleg på nettet.
Litteratur
Alver, Brynjulf. 1953. Torleiv Hannaas: Og hans arbeid med folkedikting. Universitetet i Bergen.
Bergen Museums Årbok 1925
Bergen Museums Årbok 1930/31.
Bondevik, Jarle. 1988. «Torleiv Hannaas. Professor 1/7 1918-18/11 1929» i Frå smått til stort. Nordistiskk i Bergen gjennom 70 år. Eigen prduksjon
Christiansen, Reidar Th. 1925. Norske Folkeminne. En veiledning for samlere og interesserte Norsk Folkeminnelag XII, Oslo.
Christie, W. F. K. 1868. Norske gaatr samlade av Stiftamtmann W.F.K Christe. Utgitt av Kristoffer Janson. Bergen: F. Beyer.
Hannaas, Torleiv. 1925. Folkeminnesamlingi. I Bergens Museum 1925. En historisk fremstilling redigert av professorkollegiet. Bergen, A/S John Griegs boktrykkeri. S. 389-403
Hannaas, Torleiv. 1927. Sogur frå Sætesdal. Sagde av Olav Eivindsson Austad. Steenske Forlag.
Kverndokk, Kyrre. 2022. «Samla: Nå digitaliserer vi norske tradisjonsarkiv» i Folkeminner nr. 73. s.53-65.
Ågotnes, Hans-Jakob. 2013a. «Kulturhistorisk forsking ved Bergens museum» i By og Bygd; 45
Ågotnes, Hans-Jakob. 2013b. «Etno-folkloristisk Institutt» i Eriksen, Anne & Rogan, Bjarne (red). Etnologi og folkloristikk. En fagkritisk biografi om norsk kulturhistorie, Novus, s.623-643.
Arkivkjelder
EFA Hannaas 50
EFA Hannaas 198
EFA Hannaas 302, «Folkemaal og folkemaals-gransking. Fyrste fyrelesning ved Bergens Museum 18/10 1918» (også trykt i Syn og Segn i 1919, vol. 25)
Bergens Museum, Forhandlinger i bestyrelsen 1906-1927 (Statsarkivet i Bergen)
[1] Notatane til Hannaas frå desse forelesningane finns i Etno-folkloristisk arkiv, sjå EFA Hannaas 111 Nor- EFA Hannaas 134 Nor.
[2] Denne fekk Knut Liestøl, sjølv om Hannaas i fylgje avisnotisar vart sett på som ein klar kandidat. Sjå f.eks Hordaland Folkeblad, 15.01.1909, Nordre Bergenshus Amtstidene 13.01.1909, 1st Mai, 14.01.1909.
[3] Notatar frå forelesingar ved desse universiteta er også i Etno-Folkloristisk Arkiv, sjå EFA Hannaas 135 Nor- EFA Hannaas 156 Nor.
[4] Nokre av desse har sendt inn mykje, andre ikkje så mykje, og eg er difor usikker på kva kriteria Indrebø fylgde i denne oppdelinga var.
[5] Det vil seie, det er framleis nokre delar av materialet som manglar, blant anna ein heil del skillingstrykk og det Indrebø hadde katalogisert som stadnamn. Me har ikkje gitt opp håpet om å finne dette att endå!